Vestfrisisk
Vestfrisisk (Westerlauwersk) Frysk | ||
Klassifisering | Indoeuropeisk Germansk Vestgermansk Frisisk Vestfrisisk | |
Bruk | ||
Tala i | Nederland | |
Vestfrisisktalande i alt | 440 000[1] | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | Friesland i Nederland | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | fy | |
ISO 639-2 | fry | |
ISO 639-3 | fri – vestfrisiskstq – saterfrisiskfrr – nordfrisisk
| |
Wikipedia på vestfrisisk |
Vestfrisisk ((Westerlauwersk) Frysk) er det frisiske språket som vert snakka i den nederlandske provinsen Friesland. Når frisisk vert omtalt i denne artikkelen er det vestfrisisk (Westerlauwers) det viser til. I tillegg til vestfrisisk eksisterer enno dei mindre frisiske språka austfrisisk (Saterfrisisk) og nordfrisisk.
Offisielt frisisk
[endre | endre wikiteksten]Offisielt frisisk er utvikla basert på dialektane kleifrisisk og woudfrisisk, denne vert brukt i undervising og i offentleg forvalting. Frisisk rettskriving har gått gjennom fleire reformer, sist med Steatestavering (Statsrettskrivinga) for den Frisiske provinsen i 1980.
Frisisk er eit nasjonalt minoritetsspråk i Nederland. I tillegg er språket verna av den europeiske traktaten for vern av regionale minoritetsspråk. Frisisk språk og litteratur er valfritt fag i Friesland og ein kan ta eksamen på vidaregåande nivå. Vidare kan ein studere frisisk ved Universitetet i Amsterdam (Universiteit van Amsterdam) og Groningen (Rijksuniversiteit Groningen).
Dialektar
[endre | endre wikiteksten]Frisisk kan delast opp i følgjande dialektar:
- Noordhoeks (nord for Dokkum)
- Kleifries (nord og vest for Leeuwarden (Ljouwert))
- Woudfries (aust i Friesland og lengst vest i provinsen Groningen)
- Zuidwesthoeks (lengst sør og sør-vest i Friesland)
- Hindeloopers (i Hindeloopen)
- Aasters og Westers (aust og vest på øya Terschelling)
- Schiermonnikoogs (på øya Schiermonnikoog)
Tal på brukarar
[endre | endre wikiteksten]I 2004 vart frisisk snakka av omtrent 440 000 i Friesland. Av desse hadde omtrent 350 000 frisisk som morsmål, det svarar til litt over halvparten av befolkninga i Friesland. Det finst inga nyare undersøking om kor mange som snakkar frisisk på verdsbasis. I ein publikasjon i 1976 talde dei 700 000 frisiskspråklige.[2]
Relaterte språk
[endre | endre wikiteksten]Frå 1500-talet vart det i ein del frisiske byar snakka eit blandingsspråk av hollandske dialektar og frisisk. Dette er kjent som byfrisisk. Språkvarianten, som vanlegvis vert rekna som ein nederlandsk dialekt, taler ein i tillegg i Bildt, på øya Ameland og i Midsland på øya Terschelling.
Døme
[endre | endre wikiteksten]Bûter, brea, en griene tsiis; (smør, brød og grøn ost)
wa't dat net sizze kin, is gjin oprjochte Fries. (han som ikkje kan seie det, er ingen verkeleg friser)
Eit anna døme er den frisiske nasjonalsongen, Dei âlde Friezen. Første vers og refreng går slik:
Frysk bloed tsjoch op! Wol no ris brûze en siede,
En bûnzje troch ús ieren om!
Flean op! Wy sjonge it bêste lân fan d'ierde,
It Fryske lân fol eare en rom.
Refreng:
Klink dan en daverje fier yn it rûn
Dyn âlde eare, o Fryske grûn!
Klink dan en daverje fier yn it rûn
Dyn âlde eare, o Fryske grûn!
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Omsett frå Wikipedia på bokmål, innhenta laurdag 6. mars 2010, klokka 22:54.
- Referansar
- ↑ Ethnologues tal for frisisk
- ↑ Gordon, Raymond G., Jr. (eid.), 2005. Ethnologue: Languages of the World, Fifteenth edition. Dallas, Tex.: SIL International
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- On-line Cursus Fries Arkivert 2016-03-05 ved Wayback Machine.