Townes Van Zandt
Townes Van Zandt | |||
| |||
Fødd | 7. mars 1944 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Fort Worth | ||
Død | 1. januar 1997 (52 år) | ||
Dødsstad | Nashville | ||
Fødenamn | John Townes Van Zandt | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1965–1997 | ||
Sjanger | country, folkemusikk, blues | ||
Instrument | gitar, vokal | ||
Plateselskap | Fat Possum Records, Sugar Hill Records, Tomato | ||
Verka som | songar-låtskrivar, songar, låtskrivar, gitarist, plateartist | ||
Prisar | Americana Music Association President's Award |
Townes Van Zandt (7. mars 1944–1. januar 1997) var ein amerikansk musikar.
Van Zandt blei fødd i Fort Worth i Texas, og reiste i ungdommen rundt i Texas og Colorado. Han var ein direkte etterkommar av Isaac Van Zandt, ein framståande leiar av Republikken Texas.
Musikalsk var Townes Van Zandt inspirert av blant anna bluesartisten Lightnin' Hopkins, og hadde alltid songane hans på reportoaret. Tidleg i karrieren skreiv han mange humoristiske songar. Seinare gjekk han meir over til mørke og bittersøte kjærleikssongar og balladar, som «For the Sake of the Song» og «Tecumseh Valley».
For det meste spelte han for små men mottakelege publikum i barar i Texas. Tomato Records slapp eit dobbelt live-album frå Old Quarter i Houston med ein slik konsert. Det inneheld hans mest populære songar som «Lungs», «For the Sake of the Song», «Tecumseh Valley», «To Live Is To Fly», «If I Needed You», og hans mest berømte song, grunna tallause cover-versjoner av blant anna Willie Nelson og Merle Haggard «Pancho and Lefty».
Townes Van Zandt heldt fram med å skrive og opptre i sitt eige tempo gjennom 1990-talet, til han døydde av eit hjarteinfarkt i 1997. Van Zandt har inspirert fleire artistar, blant anna Norah Jones, Bob Dylan, Lyle Lovett, Bright Eyes, Emmylou Harris, Nancy Griffith, Cowboy Junkies og Meat Puppets.