Vêrkart
Eit vêrkart er eit reiskap som vert nytta innan meteorologi for å få eit raskt oversyn over informasjon og vise analysar av forskjellige meteorologiske storleikar i forskjellige nivå i atmosfæren.[1] Dei har vorte nytta sidan midten av 1800-talet og har vorte nytta både til forsking og til vêrvarsling. Ein stasjonsmodell vert nytta for å plotte data på ein effektiv måte, som seinare kan nyttast i analysen. Ved hjelp av kart der isotermar syner temperaturane,[2] kan ein finne vêrfrontar. Isotach-kart syner linjer med lik vindstyrke,[3] på konstante trykkflater i 300 hPa eller 250 hPa, slik at ein kan sjå kvar jetstraumen ligg. Ved å sjå på høgda til trykkflatene 700 og 500 hPa kan ein indikere rørsla til tropiske syklonar. Todimensjonale straumlinjer for forskjellige vindstyrkar kan vise område med konvergens og divergens i eit vindfelt. Ei vanleg form for vêrkart er analysekart, der ein plottar isobarar for å syne område med høgtrykk og lågtrykk. Spesielle vêrkart innan luftfart kan syne område med ising og turbulens.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Ein starta å bruke vêrkart på midten av 1800-talet for å utvikle ein teori om uvêrssystem.[4] Utviklinga av telegrafnettverket i 1845 gjorde det mogeleg å samle vêrinformasjon frå fleire stader raskt nok til at ein kunne få eit oversyn over vêrsituasjonen over større område. Smithsonian Institution i USA utvikla eit nettverk av observatørar over det meste av det sentrale og austlege USA mellom 1840- og 1860-åra, då Joseph Henry tok over styringa av instituttet.[5] U.S. Army Signal Corps tok over dette nettverket mellom 1870 og 1874 etter ei lov i Kongressen og utvida nettverket til vestkysten like etterpå.
I byrjinga vart ikkje alle data på kartet teken frå desse analysane fordi ein ikkje hadde eit standard tidssystem. Dei første forsøka på å standardisere tida fann stad i Storbritannia i 1855. Heile USA vart ikkje inndelt i tidssoner før 1905, då Detroit omsider oppretta standardtid.[6] Internasjonalt følgde andre land etter USA ved å ta vêrobservasjonar samstundes, frå 1873 og frametter.[7] Andre land byrja så å lage analysekart. Bruken av frontsonar på vêrkarta dukka ikkje opp før den norske syklonmodellen kom seint i 1910-åra, trass i at Loomis hadde prøvd seg på noko liknande alt i 1841.[8] Sidan framkanten av forskjellige luftmassar likna militærfrontane ein såg på kart frå den første verdskrigen vart namnet «front» òg nytta om desse linjene på vêrkarta.[9]
Trass i innføringa av den norske syklonmodellen like etter den første verdskrigen, var det fleire land som ikkje innførte frontar på analysekarta sine før mange år seinare.[10] I starten vart alle teikn på vêrkarta teikna in for hand, men i 1969 starta ein i USA og automatisere kartplottinga.[11] og prosessen var ferdig i 1970-åra. I 1999 hadde datasystema vorte sofistikerte nok til at ein kunne leggje både satellittbilete, radarbilete og modellfelt på same bilete. Dette gjorde det mogeleg å lage langt betre analysar.
Plotting av data
[endre | endre wikiteksten]- For meir om dette emnet, sjå stasjonsmodell.
Ein stasjonsmodell er ein symbolsk illustrasjon som syner vêret på ein enkelt vêrstasjon. Meteorologar skapte stasjonsmodellen for å plotte mange vêrelement så lite som mogeleg på eit vêrkart. Kart fylte med tette stasjonsmodellplott kan vere vanskeleg å lese, men dei gjer at meteorologar, pilotar og sjøfolk kan sjå viktige vêrmønster. Ein datamaskin kan i dag teikne ein stasjonmodell for kvar vêrstasjon. Stasjonmodellen vert hovudsakleg nytta på analysekart, men kan òg nyttast til å vise vêret i høgda. Eit komplett kart med stasjonsmodellar gjer at ein kan analysere mønster i lufttrykk, tempeatur, vind, skydekke og nedbør.[12]
Stasjonsmodellar vert plotta med ein internasjonal standard som har endra seg lite sidan 1. august 1941. Element i plottet syner dei viktigaste vêrelementa, som temperatur, doggpunkt, vind, skydekke, lufttrykk, trykktendens og nedbør.[13][14]Vinden vert teikna som piler med haker på eine sida. Pila peiker i den retninga vinden bles, medan ein hake viser til 10 knops vind, og ein halv hake viser 5 knop. Fire haker vert då 40 knop. For vind opp i 50 knop vert hakene endra til eit flagg.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Weather map» frå Wikipedia på engelsk, den 1. mai 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Encarta (2009). «Chart». Microsoft Corporation. Arkivert frå originalen 1. november 2007. Henta 1. mai 2010.
- ↑ DataStreme Atmosphere (28. april 2008). «Air Temperature Patterns». American Meteorological Society. Arkivert frå originalen 11. mai 2008. Henta 1. mai 2010.
- ↑ Jay Snively (2010). «H-I-J». MAPS GPS. Arkivert frå originalen 2. april 2018. Henta 1. mai 2010.
- ↑ Human Intelligence (25. juli 2007). «Francis Galton (1822-1911)». Indiana University. Arkivert frå originalen 15. oktober 2018. Henta 1. mai 2010.
- ↑ John D. Cox (2002). Stormwatchers: The Turbulent History of Weather Prediction From Franklin's Kite to El Nino. John Wiley & Sons, Inc. s. 53–56. ISBN 047138108X.
- ↑ WebExhibits (2008). «Daylight Saving Time». Idea. Arkivert frå originalen 15. september 2005. Henta 1. mai 2010.
- ↑ National Oceanic og Atmospheric Administration (30. mai 2007). «An Expanding Presence». United States Department of Commerce. Henta 1. mai 2010.
- ↑ David M. Schultz (7. september 2006). «Perspectives on Fred Sanders's Research on Cold Fronts» (PDF). Cooperative Institute for Mesoscale Meteorological Studies. s. 5. Henta 1. mai 2010.
- ↑ Bureau of Meteorology (2010). «Air Masses og Weather Maps». Commonwealth of Australia. Henta 1. mai 2010.
- ↑ Hydrometeorological Prediction Center (1. mars 2007). «A Brief History of the Hydrometeorological Prediction Center». National Oceanic and Atmospheric Administration. Arkivert frå originalen 26. mai 2010. Henta 1. mai 2010.
- ↑ National Meteorological Center (Januar 1969). «Prospectus for an NMC Digital Facsimile Incoder Mapping Program» (PDF). Environmental Science Services Administration. Henta 1. mai 2010.
- ↑ CoCoRAHS (2005). Introduction to Drawing Isopleths. Arkivert 2007-04-28 ved Wayback Machine. Colorado Climate Center. Henta 1. mai 2010.
- ↑ National Weather Service (2003). Station Model Example. Henta 1. mai 2010.
- ↑ Dr Elizabeth R. Tuttle (2005). Weather Maps. J. B. Calvert. Henta 1. mai 2010.