Parisavtalen – Wikipedia Hopp til innhald

Parisavtalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
██ Medlemer. ██ Land som har signert. ██ Medlemer òg omfatta av EU-ratifisering.
Delegasjonsleiarane ved klimatoppmøtet i Paris.

Parisavtalen er ein internasjonal klimaavtale som vart vedteken den 12. desember 2015 på FNs klimakonferanse 2015 i Paris.[1] Avtalen består av føresegner for mellom anna reduksjonar i utslepp av drivhusgassar, klimatilpassing og støtte til omstilling i utviklingsland. Nesten alle land i verda har slutta seg til avtalen. Kjernen med denne avtalen er at landa plikter å redusera sine klimagassutslepp, slik at den globale temperaturen ikkje overstig 2 ℃, men helst ikkje over 1,5 ℃.[2]

Ratifisering

[endre | endre wikiteksten]

Den 22. april 2016 – på Jordas dag – var avtalen skriven under av 175 land i New York.[3] Både Kina og USA kunngjorde at dei ratifiserte avtalen i september 2016.[4] Då EU ratifiserte avtalen i oktober 2016, var han ratifisert av meir enn 55 land med ein utsleppsdel på 55% av dei globale utsleppa. Avtalen i sin heilskap byrja offisielt å gjelda frå 4. november 2016.[5] Ved mai 2017 var avtalen skriven under av alle medlemslanda til Klimakonvensjonen med unntak av Nicaragua og Syria.[6] I oktober 2017 slutta Nicaragua seg til avtalen, og under andre dag av COP 23 i Bonn i november 2017 kunngjorde Syria at landet ville slutta seg til avtalen.[7][8] Syria skreiv under avtalen november 2017.[9]

Ved presidentvalet i USA i 2016 gjekk Donald Trump til val på at han ville trekkja USA frå Parisavtalen,[10] og 1. juni 2017 vart det kunngjort at USA trekte seg offisielt frå avtalen. Avtalen var utforma slik at han byrja å gjelda frå 4. november 2020.[11][12]Joe Biden vart valt til president nokre år seinare var ein av hans fyrste avgjerder etter innsetjinga den 20. januar 2021 å ratifisera avtalen att på vegner av USA.[13] USA vart med i avtalen att 19. februar 2021, etter at landet hadde vore utanfor avtalen i 107 dagar.[14]

Den dåverande amerikanske utanriksministeren, John Kerry, med barnebarnet sitt signerte Parisavtalen på vegner av USA.
Foto: U.S. Department of State

Målsetjing

[endre | endre wikiteksten]

Målet med avtalen er at dei globale utsleppa snøggast mogleg skal søkka.

Føremålet med avtalen er å:[15]

  1. halda auken i den globale gjennomsnittstemperaturen godt under 2 ℃ samanlikna med førindustrielt nivå og ynskja å avgrensa temperaturauken til 1,5 ℃;
  2. auka evna til å tilpassa seg klimaendringane og fremja klimarobustheit og ei lågutsleppsutvikling, på ein måte som ikkje set matproduksjonen i fare;
  3. gjera finansieringsstraumar samsvarande med ein klimarobust lågutsleppsutvikling.

I andre halvdel av hundreåret er det eit mål om netto nullutslepp, som tyder at menneskeskapte utslepp ikkje skal vera større enn det naturen greier å taka opp av klimagassar.[16]

Kvart einskild medlemsland styrer utsleppsmåla sine sjølv ut frå kva dei sjølv meiner dei kan bidraga med. Til dømes er målet til Noreg å redusera CO2-utsleppa sine med minst 50 % innan år 2030, og helst 55% i høve til år 1990.[17] I 2015 hadde reduksjonsmålet vorte sett til 40%, men det vart forhøgt i 2020.

I Parisavtalen er alle dei ulike utsleppsmåla summerte opp og vert omtalte som éin avtale.[18][19] Kvar einskild stat skal oppdatera måla sine kvart femte år.

For å kunne nå målsetjinga om å avgrensa oppvarminga til under 2 ℃, har statane igjennom avtalen forplikta seg til å yrkja for at dei globale klimagassutsleppa skal stansa å stiga så snart som mogeleg. Avtalen fastslår også at alle land er forplikta til å utarbeida nasjonale utsleppsmål som dei skal streva etter å oppnå. Nivået for utsleppsmåla fylgjer likevel ikkje av avtalen, men vert fastsett av landa sjølv enkeltvis. Ifylgje «progresjonsprinsippet» skal innsatsen til partane auka over tid og reflektera den høgast mogelege ambisjonen i landet. Utsleppsmåla til statane skal vidare oppdaterast kvart femte år.

Denne femårssyklusen vert definert i hovudsak av artikkel 13 og 14 i avtalen. Artikkel 13 bind partane til å rapportera informasjon om progresjonen sin i å nå dei lova målsetjingane sine, og jf. artikkel 14 skal ein gjennomføra ei «global oppteljing» («global stocktake») som skal informera om i kva grad planane og implementeringa til partane samsvarer med det kollektive målet til Parisavtalen. I den «globale oppteljinga» skal også innsatsen til partane for klimatilpassing og finansiell støtte til utviklingsland verta evaluert. Når det gjeld byrdefordeling inkluderer avtalen eit prinsipp om «felles, men differensiert ansvar i ljos av nasjonale omstende». Dette inneber mellom anna at dei såkalla «industrialiserte» landa skal taka leiinga når det gjeld utsleppsreduksjonar, og i tillegg bidraga med støtte til «utviklingslanda» si implementering av Parisavtalen. På dette punktet er Parisavtalen meir vagt enn Kyotoprotokollen og Klimakonvensjonen, då Parisavtalen ikkje seier noko om kva land som tel som «industriland» og «utviklingsland». Det har difor vorte føreslege i litteraturen at spurdagen om differensiering framleis vil vera sentralt i framtidige forhandlingsrundar.[20] Parisavtalen inneheld også føresegner om klimafinansiering til utviklingsland, om utvikling og bruk av marknadsmekanismar, om teknologioverføring, kapasitetsbygging og om at globale finansstraumar skal gjerast samsvarande med ein klimarobust lågutsleppsutvikling.

Parisavtalen har mellom anna vorte brukt som argument for at land har folkerettslege forpliktingar, og difor må redusera fossile utslepp, som ved leiting etter og utvinning av hydrokarbon i Barentshavet.[21] Ifylgje tidlegare ambassadør til FN, Morten Wetland, er dette rangt. Han meiner Parisavtalen med hensikt er svært laust formulert, mellom anna er det medvite valt ordet avtale, og ikkje konvensjon eller traktat.[22]

Oppfylging

[endre | endre wikiteksten]

I 2021 publiserte Det internasjonale energibyrået (IEA) ein rapport om korso verda kunne nå målet i Parisavtalen om maksimalt 1,5 ℃ oppvarming. Mange land har sagt dei skal nå målet, men har ikkje teke i bruk dei tiltaka som gjer dette mogeleg. Blant tiltaka i rapporten til IEA er at ein utan opphald må stansa investeringar i nye felt eller gruver for utvinning av fossil energi og like eins med nye kolkraftverk. I samsvar med rapporten skal det i 2035 vera slutt på å selja passasjerbilar med forbrenningsmotor.[23]

  1. «COP21: UN chief hails new climate change agreement as ‘monumental triumph’ | UN News», news.un.org (på engelsk), 12. desember 2015, henta 24. januar 2024 
  2. «Parisavtalen», fn.no, henta 24. januar 2024 
  3. «Klimaavtalen underskrevet: - Det er ikke hver dag det er så høytidelig å signere navnet sitt». Dagbladet.no. Henta 23. april 2016. 
  4. «Kina og USA har ratifisert Parisavtalen». NRK. 3. september 2016. Henta 5. september 2016. 
  5. «Paris Climate Agreement to enter into force on 4 November». United Nations Sustainable Development (på engelsk). 5. oktober 2016. 
  6. «Trump: - Avgjørelse om Paris-avtalen kommer snart». Bergens Tidende. 
  7. «US and Syria left alone on climate accord». BBC News (på engelsk). 24. oktober 2017. 
  8. «COP23: Key outcomes agreed at the UN climate talks in Bonn | Carbon Brief». Carbon Brief (på engelsk). 19. november 2017. 
  9. «Syria formally joins Paris climate agreement - U.N.» (på engelsk). Reuters. Henta 25. januar 2024. 
  10. NRK. «Trump vil skrote Parisavtalen og satse på kull». NRK (på norsk). 
  11. NRK. «Trump trekker USA ut av Parisavtalen». NRK (på norsk). 
  12. «Trump administration delivers notice U.S. intends to withdraw from Paris climate deal». POLITICO (på engelsk). 
  13. «Paris Climate Agreement». The White House (på engelsk). 20. januar 2021. Henta 21. januar 2021. 
  14. US rejoins Paris climate accord with warning: this year’s talks are ‘last, best hope’. The Guardian. Besøkt 1. mars 2021.
  15. Utenriksdepartementet (28. april 2016). «Samtykke til ratifikasjon av Parisavtalen». Regjeringen.no (på norsk). Henta 1. juni 2017. 
  16. Klima- og miljødepartementet (14. desember 2015). «Paris-avtalen om klima vedtatt». Regjeringen.no (på norsk). Henta 22. april 2016. 
  17. «Lov om klimamål (klimaloven) - Lovdata», lovdata.no, henta 23. januar 2024 
  18. «NDC Registry», unfccc.int, henta 23. januar 2024 
  19. «Nationally Determined Contributions Registry» (PDF). Henta 23. april 2023. 
  20. Tørstad, Vegard; Sælen, Håkon. «Fairness in the climate negotiations: what explains variation in parties’ expressed conceptions?». Climate Policy (på engelsk): 1–13. doi:10.1080/14693062.2017.1341372. Henta 10. oktober 2017. 
  21. «Regjeringsadvokaten tar feil om Parisavtalen». Aftenposten. 23. november 2020. Henta 1. desember 2020. «Hovedspørsmålet i saken er om Norge handlet i strid med miljøbestemmelsen i Grunnlovens paragraf 112 da utvinningstillatelsene i Barentshavet sørøst ble gitt i 23. konsesjonsrunde. Dette må blant annet drøftes i lys av Norges folkerettslige forpliktelser, særlig Parisavtalen. Regjeringsadvokaten bekrefter riktignok at Parisavtalen bør vektlegges i denne drøftelsen, men han mener at avtalen ikke stiller noen rettslige krav. Her tar han feil.» 
  22. «Professoren tar feil om Parisavtalen». Aftenposten. 30. november 2020. Henta 1. desember 2020. «Når man leser internasjonale avtaler, skal man stoppe opp litt dersom alle verdens land har undertegnet, sånn som her. Det kan bety at avtalen er for løs til at den er brysom for dem som ikke har tenkt å ta den så alvorlig. 195 land har undertegnet Parisavtalen, deriblant alle oljeproduserende land av betydning. Barnekonvensjonen har 140 underskrifter, så selv der er det noen som syns det blir for mye å forplikte seg til. Men ikke Parisavtalen. Den kan alle land skrive under på. Makes you stop and think.» 
  23. «Pathway to critical and formidable goal of net-zero emissions by 2050 is narrow but brings huge benefits, according to IEA special report - News», IEA (på engelsk), henta 24. januar 2024 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Parisavtalen