Kryptovaluta – Wikipedia Hopp til innhald

Kryptovaluta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Logoar til nokre av dei mest kjende kryptovalutaene

Kryptovaluta er ein digital valuta som brukar kryptografi for å sikre transaksjonar.[1] Den mest kjende og vidgjetne kryptovalutaen er Bitcoin, men det finst mange andre som Ethereum, Dogecoin, og Monero. Desse valutaene skil seg frå tradisjonelle pengar ved at dei er desentraliserte og ikkje blir kontrollert av nokon sentralbank eller styresmakter.[2]

Kryptovaluta fungerer ved hjelp av blokkjedeteknologi (blockchain), som er ei digital, distribuert hovudbok som registrerer alle transaksjonar.[3] Denne teknologien gjer det mogleg å overføre verdiar på nettet utan behov for ein tredjepart, som til dømes ein bank. Transaksjonane blir verifiserte av eit nettverk av datamaskinar, og når dei er stadfesta, kan dei ikkje endrast.[3]

Ein av hovudgrunnane til at kryptovaluta har vorte populært, er at det gir brukarane kontroll over sine eigne pengar. Det gir òg moglegheita til å gjere raske og rimelege internasjonale transaksjonar, utan dei høge gebyra som ofte følgjer med tradisjonelle overføringar. I tillegg ser mange på kryptovaluta som ei mogleg investering eller spekulasjon, sidan verdien kan auke over tid.[4]

Samtidig er det fleire utfordringar knytte til bruken av kryptovaluta. Verdien kan variere mykje på kort tid, noko som gjer det til ei risikabel investering. I tillegg har nokre land innført strenge reguleringar eller forbod mot kryptovaluta, grunna frykt for økonomisk ustabilitet eller bruk til ulovlege aktivitetar.[5][4]

  1. «What are Cryptocurrencies?». Reserve Bank of Australia. Arkivert frå originalen den 2. oktober 2024. Henta 15. oktober 2024. 
  2. Milutinović, Monia (2018). «Cryptocurrency». Ekonomika (på engelsk) 64 (1): 105–122. ISSN 0350-137X. doi:10.5937/ekonomika1801105M. Arkivert frå originalen 16. april 2022. Henta 18. april 2022. 
  3. 3,0 3,1 «The great chain of being sure about things». The Economist. 31. oktober 2015. ISSN 0013-0613. 
  4. 4,0 4,1 «Kryptovaluta» i Store norske leksikon, snl.no.
  5. «Crypto money laundering rises 30%, report finds». BBC. Arkivert frå originalen den 27. september 2024. Henta 15. oktober 2024. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]