Katowice
Katowice | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land Voivodskap |
Polen Schlesiske voivodskap | ||||
Grunnlagd Byrettar |
1500-talet 1865 | ||||
Borgarmeister | Marcin Tomasz Krupa | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
164,67 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik - Storbyområde |
317 220 1926/km² 3 500 000 | ||||
Koordinatar | 50°15′0″N 19°0′0″E / 50.25000°N 19.00000°E | ||||
Høgd over havet | 266-352 moh | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 40-001 til 40-999 | ||||
Telefon-retningsnummer | +48 32 | ||||
Bilnummer | SK | ||||
Nettstad: www.um.katowice.pl |
Katowice (tysk Kattowitz, tsjekkisk Katovice) er ein industriby i Schlesien i Polen, om lag 70 km. nordvest for Kraków. Han har om lag 320 000 innbyggjarar. Byen ligg sør i Polen ved elvane Kłodnica og Rawa. Katowice ligg i Det schlesiske høglandet, om lag 50 km frå Dei schlesiske Beskidane (ein del av Karpatane) og om lag 100 km frå Sudetane.
Katowice har vore hovudstad i Schlesiske voivodskap sidan 1999. Tidlegare var han hovudstad i Katowice-voivodskapet og før det igjen i Det autonome schlesiske voivodskapet. Katowice er den største byen i det øvre schlesiske indistruområdet og det sentrale Øvre Schlesiske Storbyområde, som inneheld 3,5 millionar innbyggjarar.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Den dåverande preussiske byen fekk byrettar i 1865, og høyrde til landkrinsen Beuthen i regjeringsdistriktet Oppeln. I 1873 vart den sete for den nye landkretsen Kattowitz og vart i 1899 ein eigen bykrins. Sjølv om fleirtalet i byen (85 %) røysta for å framleis vere tysk ved folkerøystinga 21. mars 1921 vart byen innlemma i Polen. Den vart igjen innlemma i Tyskland i 1939 og på nytt innlemma i Polen i 1945. Mesteparten av den tyske folkesetnaden vart då brutalt fordrive. Mellom 1953 og 1956 vart byen kalla Stalinogród («Stalinbyen»).
Byen har etter Opole (Oppeln) den største tyske minoriteten i dagens Polen.
Personar
[endre | endre wikiteksten]- Willy Fritsch (f. 1901), tysk skodespelar
- Georg Thomalla (f. 1915), tysk skodespelar
- Hanna Schygulla (f. 1943), tysk skodespelar
- Henryk M. Broder (f. 1946), polsk journalist
- Dariusz Wosz (f. 1969), polsk fotballspelar
- Maria Goeppert-Mayer, tysk fysikar og nobelprisvinnar