Inuvialuktun
Inuvialuktun Inuktitut, Siglitun, Uummarmiutun, Kangiryuarmiutun | ||
Klassifisering | eskimoisk-aleutisk inuittisk inuktitut | |
Bruk | ||
Tala i | Canada (Nunavut, Nunavik, Nordvestterritoria) | |
Område | Nordre Nord-Amerika | |
Inuvialuktuntalande i alt | 1 020[1] | |
Skriftsystem | latinsk | |
Normert av | Inuvialuit Cultural Resource Centre og Inuit Tapiriit Kanatami | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | iu | |
ISO 639-2 | iku | |
ISO 639-3 | ikt |
Inuvialuktun eller vest-kanadisk inuittspråk er tre inuitt-dialektar[2] brukt nord i Nordvestterritoria blant dei kanadiske inuittane som kallar seg sjølv inuvialuitfolk.
Inuvialuktun er snakka blant inuittane i deltaet til elva Mackenzie i Nordvestterritoria, Banksøya, delar av Kitlineq og kysten av Nordishavet – landet som høyrer til Inuvialuit Settlement Region.
Inuvialuktun er eitt av dei elleve offisielle språka i Nordvestterritoria. Språket blir skrive med det latinske alfabetet – det er ingen tradisjon for å bruke inuittisk stavingsskrift. Språket har tre dialektar, og Inuvialuktun kan sjåast som ei strategisk eller språkpolitisk motivert samling av desse tre klart åtskilde dialektane.
Tidleg på 1800-talet, var Inuvialuit Settlement Region busett av siglit-inuittar , men fram mot 1900 gjekk den folkegruppa kraftig tilbake på grunn av nye sjukdommar. Inuittar frå Alaska flytta tidleg på 1900-talet inn i tradisjonelle siglit-område, lokka av den fornya etterspurnaden etter pelsverk. Desse inuittane vart kalla Uummarmiut – det tyder folket frå dei grøne trea – sidan dei kom frå busetnader nær den nordlege skoggrensa. Den første tida var det store motsetnader mellom siglit- og Uummarmiut-inuittar, men desse motsetnadene har lagt seg med tida, og dei to folkegruppene er integrerte med kvarandre i våre dagar.
Dialektar
[endre | endre wikiteksten]Inuvialuktun-dialektane er alle alvorleg truga språk, sidan engelsk overtar som det ålmenne talespråket mellom folk i dette området. I følgje Inuvialuit Cultural Resource Centre, brukar berre 10% av dei omtrent 4,000 inuvialuittane inukitut, og berrre 4 % brukar språket som heimespråk.
Frå aust til vest er inuktitut-dialektane natsilingmiutut' , inuinnaqtun og siglitun.
Nokre ord av inuvialuktun
[endre | endre wikiteksten]Norsk | Inuvialuktun | uttale |
---|---|---|
Hei | Atitu | /atitu/ |
Adjø | Ilaannilu/Qakugulu | /ilaːnilu/ / /qakuɡulu/ |
Takk | Quyanainni | /qujanainni/ |
Versågod | Amiunniin | /amiunniːn/ |
God morgon | Ublaami | /ublaːmi/ |
Ja | Ii | /iː/ |
Nei | Naaggai | /naːɡɡai/ |
Kaldt! Brrr! | Alaappa! | /alaːppa/ |
Høyr! | Ata! | /ata/ |
Kor kjem du frå? | Nakinngaaqpin?/Sumiutauvin? | /nakiŋŋaqpin/ / /sumiutauvin/} |
Kva kostar dette? | Qanuq akitutigivaa? | /qanuq akitutiɡivaː/ |
Kyrkje | Angaadjuvik | /aŋaːdjuvik/ |
Bjølle | Aviluraun | /aviluʁaun/ |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Inuvialuk language» frå Wikipedia på engelsk, den 31. januar 2013.