Akan
Utsjånad
Akan | ||
Klassifisering | Niger-kongo Atlantisk Volta-kongo Kwa-språk Nyo-språk Potou-tano-språk Tano-språk Sentrale Akan-språk Akan | |
Bruk | ||
Tala i | Ghana | |
Akantalande i alt | 8 300 000[1] | |
Skriftsystem | Det latinske alfabetet | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | ak | |
ISO 639-2 | aka | |
ISO 639-3 | aka | |
Wikipedia på akan |
Akan er eit niger-kongospråk som vert tala i Ghana og Elfenbeinskysten. Akan er eit avgrensa tonespråk. Det er morsmålet til akanfolk og blir tala i Sør-Ghana og i sentrale og austlege delar av Elfenbeinskysten. Rundt 80 % av innbyggjarane i Ghana talar akan, medan 44 % har det som morsmål. Det er dermed det viktigaste lokale språket i Ghana.[2]
Akan blei også spreidd til Amerika gjennom slavehandelen. I land som Surinam og Jamaica finn ein spor etter språket i namn og folkeeventyr.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Ethnologue-tal frå 2004
- ↑ 2,0 2,1 «Our Languages». Rutgers.edu.
- Denne artikkelen bygger på «Akan» frå Wikipedia på bokmål, den 1. januar 2016.