6. november
Utsjånad
6. november er den 310. dagen i den gregorianske kalenderen (311. under skotår). Det er 55 dagar att av året.
Merkedag
[endre | endre wikiteksten]Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar
[endre | endre wikiteksten]Grunnlovsdag i Den dominikanske republikken | Gustav Adolfsdagen i Sverige |
Religiøs helgedag
[endre | endre wikiteksten]Bevegelege heilagdagar som fell på 6. november i 2024:
Namnedag
[endre | endre wikiteksten]Noreg | Leonard og Lennart |
Sverige | Gustav Adolf |
Danmark | Leonhardus |
Hendingar
[endre | endre wikiteksten]Utlandet
[endre | endre wikiteksten]- 1844: Den dominikanske republikken erklærte sjølvstende frå Haiti.
- 1860: Abraham Lincoln vart vald til den første republikanske presidenten i USA.
- 1861: Jefferson Davis vart veld til president for den amerikanske sørstatskonføderasjonen.
- 1962: Dei sameinte nasjonane vedtok ein resolusjon mot Sør-Afrika på grunnlag av det rasistiske apartheid-systemet i landet.
- 1963: General Duong Van Minh tok over makta i Sør-Vietnam etter å ha avsett og drepe den tidlegare presidenten.
- 1975: 300 000 sivile marokkanarar samla seg i byen Tarfaya der dei venta på signal frå kong Hassan II om å gå inn i Vest-Sahara.
- 1985: Venstreorienterte geriljastyrker i Colombia tok kontroll over høgsteretten i landet. 115 menneske vart drepne.
Noreg
[endre | endre wikiteksten]- 1938: 29 menneske omkom i ein brann i Hegdehaugenveien i Oslo, då eit fotofirma feira 40-årsfest i fotoatelieret.
- 1979: Fem pasientarr omkom i ein brann på Gullhella sjukeheim i Asker.
Fødde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Fødde den 6. november.
- 15 eller 16: Agrippina den yngre, romersk keisarinne
- 1814: Adolphe Sax, mannen som fann opp saksofonen
- 1833: Jonas Lie, norsk forfattar
- 1854: John Philip Sousa, amerikansk komponist
- 1931: Bjartmar Gjerde, politikar
- 1945: Odd Iversen, fotballspelar
- Knut Ødegård, forfattar
- 1953: Bentein Baardson, norsk teaterregissør
- 1962: Fedon Lindberg, gresk-norsk lækjar og kosthaldsekspert.
- 1968: Kjetil Rekdal, fotballspelar og -trenar
Døde
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Døde den 6. november.
- 1003: Pave Johannes XVII
- 1406: Pave Innocens VII
- 1632: Gustav II Adolf av Sverige i slaget ved Lützen
- 1672: Heinrich Schütz, tysk komponist og organist
- 1836: Karl X av Frankrike
- 1893: Peter Tsjaikovskij, russisk toneskapar
- 1925: Keisar Khai Dinh av Vietnam
- 1965: Edgar Varèse, fransk-amerikansk komponist
- 2013: Arvid Johanson, norsk politikar